05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

tirsdag 30. desember 2008

Nyttårs bål 31.12.2008 kl 19.00



Nyttårsaften lager vi lage en reprise på bålet vi laget i fjord. Vi sanles på "Velteplassen" som er rett nord for Steinhovden skule.
Vi tenner bålet kl 19.00 og holder det gående så lenge det er flammer og/eller folk rundt bålet.
Ta gjerne med noko å sitte på og noko å spise og drikke etter eget ønske. Vi sender opp litt fyrverkeri ca kl 20.30, ta gjerne med eget fyrverkeri om en ønsker å sende opp litt for ungane. Dei som ønsker ka kle seg ut kan gjerne gjør det.
Ved spørsmål kan dere ringe Frode 90501431 eller Bjarte 95094349.
Med Vennlig helsing:
Nyttårs gjengen
Vi kan kanskje sende opp fyrverkeri samlet ved bålet kl 24.00???

fredag 5. desember 2008

BAKE LUSSEKATTAR LAURDAG 13.12.08 frå kl. 12 – 15

ALLE SMÅ I BYGDA ER VELKOMNE TIL Å BAKE LUSSEKATTER

På Lucia-dagen laurdag 13. desember kl. 12-15 J J J

Ta gjerne med forklede!

(Ps! Vi skal bruke ein del av lussekattane til førjuls-treffet på søndag!)

Helsing

Tove Lise & Olaug & Heidi

-søndagskafeèn i Steinhovden

Velkommen til trivelig Førjulstreff

På Steinhovden skule, 3. søndag i Advent (14. desember)

Program:

kl. 14.00: Gryterett, kr. 70 (gratis for barn til og med 7. kl.)

kl. 15.15: Luciagang – Julespel – Sang ved skulen og barnehagen J

kl. 16.15: Juletregang

kl. 16.45: Sal av kaffi og kaker, kr. 50

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE

Arr.: Søndagskafèen i Steinhovden v. Olaug og Tove Lise

Steinhovden skule, barnehage og FAU

NB! Vi ynskjer ein uformell påmelding til middag. Legg utfylt slipp i postkassen til skulen, eller send ei melding innan torsdag til:

Bjarte 95094349

Even 4110681

Brit 90505680

Vi ynskjer middag til ______personar à kr. 70.

Barn (under ungdomsskulealder): _____stk.

namn: ________________________________________

torsdag 4. desember 2008

SOLSNU-FEST , 21.12.08, frå kl 15.30

Kjære sambygdingar.
Søndag den 21.12.08 snur sola, og vi går igjen mot lysare dagar.
Dette må feires ! ! Og det gjer vi med samme mal som når sola snur ved sankthans i juni.

Vi samles ved Arne/Bjarte sin molo i Steinhovde-vika. Følg fakkellys som viser veg, og som starter ved fam Dypevik sitt hus/heim. Ta med det du trenger av pølser, gløgg, kaffe , kaker, noko varmt å sitte på, felles-aktiviteter og godt humør. Kle deg i varme kle og sko, og vi skal få ei hyggeleg ettermiddagsstund med bål, og godt fellesskap.

For at det skal verte bål så treng vi ved, og det hadde vore kjekt /nødvendig at alle tek med ein/to bæreposer med ved.

Om du kan hjelpe oss med å gjere dette kjent, ved å skrive ut og gje invitasjonen vidare til dei som ikkje har e-post, så hadde det vore kjempeflott. ALLE ER HJERTELEG VELKOMNE ! !

Mvh Arne og Gunn Edel/Bjarte og Camilla/Frode og Olaug

NY KLUBB-KVELD for damene i BYGDA , mandag 12.januar 2009.

Siste klubb-kveld vart det bestemt at Ingrid-Anna og Gunn Edel skal ha neste kveld. Og som du ser er den bestemt til 12.januar 2009, kl 20.00.
I går var vi samla 8 damer i alderen 75 år - 24 år, og vi prata og kosa oss fram til oml kl.22.00.
M.a kom det fram tilfredshet ifht at Steinvik Fiskefarm har kjøpt skulebygninga på Hopen,tema ifht bygdeutvikling og om vi kanskje skulle hatt nokre temaer/aktiviteter på desse kveldane. Kva med ein idedugnad neste kveld ? ?

Velkommen , og ta gjerne med ei venninne.

Mvh Ingrid-Anna og Gunn Edel

mandag 24. november 2008

Steinvik Fiskefarm

Steinvik fiskefarm har lagt 3,5 mill på bordet for den tidlegare skulen på Hopen. Alex Vassbotn er dermed eit steg nærmare målet om å opprette eit kompetansesenter for oppdrettarfaget. Han er tydeleg på kva fokus skulen må ha. Den må være praktisk retta og utdanne framtidas røktarar som kan drifte moderne oppdrettsanlegg.Han strekar under at han ikkje har kompetanse på regelverk og tilskuddsordningar, men ønsker samarbeid med dei som vil være med å utvikle noko på Hopen.

torsdag 13. november 2008

Dameklubb onsdag 3.desember.

Det blir dameklubb igjen onsdag 3. desember kl 20 på fritidsklubbrommet. Det er Åse og Dagmar som skal stå for en liten bevertning, og håper alle som har anledning kjem!!

Helsing Bjarte Steinhovden

søndag 9. november 2008

TURSTI 1


Attgrodde stiar.

I eldre tider nytta folk på kysten mest sjøvegen for å forflytte seg mellom bygdelaga,

særleg dersom det var tale om nyttetransport av varer.

Nokre bygder låg likevel slik til, at avstanden mellom dei var mykje kortare til fots enn sjøvegen.

Av den grunn oppstod eit nettverk av godt opparbeidde stiar og gangvegar.

I dag har bilvegen overteke, og mange av stiane gror att av di dei ikkje lenger er i bruk.

Bygdelaga her ikring tek no på nytt til å interessere seg for dei gamle ferdselsvegane og

ønskjer å ta dei i bruk som turvegar. Dei gjennomfører prosjekt med oppmerking, klyppe vekk hindrande vegetasjon og restaurere bruer etc.

I ein liten serie skal vi no ta føre oss nokre av dei gamle ferdselsvegane mellom våre bygdelag.



Stien mellom Sandvik og Høyvik.

Folk i Steinhovdenområdet hadde gjerne båt liggjande i Sandvika, eller dei hadde avtale om lån av båt. Dette var praktisk, for ofte skulle Steinhovdingane lenger enn til Sandvik, gjerne vidare til Bjørnset eller Brandsøy.

Holmesund var lenge handelsstad, og det var ikkje uvanleg at ved behov gjekk sandvikarane skogsvegen dit for å gjere sine innkjøp.

Elles var stien mykje nytta ved ulike former for samkvem mellom folk. Dette kunne vere besøk av slekt og vener. Elles kunne folk på den måten kome saman i foreiningar eller ved enda meir festlege høve, som t.d. 17. mai feiring.

I 1930-åra kom det opp ein danseflake mellom Høyvika og Steinhovden. Den vart kalla Haukereiret. Sandvikarane tok gjerne turen til Høyvika på dans sundagskveldane sommarstid.

Ofte var dansen alt i gong lenge før dei kom fram. Det var utvilsamt stemningsfullt for fylgjet da dei kunne høyre lyden av vakker trekkspelmusikk som lydde utover dei skogkledde åsane.


Laurdag ettermiddag 8. november 2008 tok eg turen frå Høyvik til Sandvika.




I dag er det mest praktisk å ta skogsvegen opp frå Høyvika. Vegen følgjer omlag same trasé som stien gjorde i gamle dagar. Like oppi skogbrynet ligg Jonasmyra.

Her er det kjekt å helse på hestane, og andre husdyr for den saks skuld.

Skogsvegen som snor seg oppover er av god "joggesko-standard", men turgåarar må forsere eit par pøyler. Det er uproblematisk berre å gå rundt.







Først når skogsvegen tek slutt og endrar karakter til sti, vert det litt vanskeleg å finne fram.

(Her har vi eit merkingsarbeid føre oss.)

Før vi går nedover skråninga mot dalen aust for Sandvikbygda, bør ein ta seg god tid å sjå austover mot Høyvikvatnet (øverste bilde). Gå med fordel oppå berget akkurat på kanten mot dalen. Vi får Mannen og Håsteinen i bakgrunnen av vatnet og skogane.

Dette området var vel "bjørnens rike" nokre få haustmånader i fjor.

Stien ned i dalen (nederste bilde) ber mykje historie i seg. Stig difor aktsamt på desse steinane.








Troll og dinosaurar finst her ikkje, trur eg.
Stien nede i dalbotnen følgjer elva vestover. Følg helst stien som går tett ved foten av søre Sandvikfjellet.

På min tur var her nesten trollsk stemning med lydar av mange slags dyr og fuglar i skogen.

Akkurat denne laurdags ettermiddagen møtte eg tre ulike følgje med hjort. Dei fleste fôr av garde, men ei kolle blei ståande og veksle blikk med meg i eit minutts tid. Ho lurte vel på kva det var slags kar som stod så urørleg og såg tilbake.

Etter kvart vil stien bringe deg vestover og til slutt skrå ned mot det søraustre gardsbruket i Sandvika.


Jarle N.



PS. Det nyskipa turlaget i bygda vil kunne gje deg eit plastlaminert kartutsitt over denne turen.

tirsdag 4. november 2008

Turgruppe i bygda vår.

Hei, til alle turglade i Sandvika, Nyttingnes, Steinhovden, Barlinboten og ALLE andre !

På Søndagskafeen 5.oktober vart det teke initiativ til å danne ei turgruppe i bygda.

Jarle Nyttingnes, Arne Steinhovden og Magnhild Vassbotten vart valgt.

Desse skal planlegge turar i nærområdet vårt - , og finne nokon som kan vere ansvarleg "turleiar/kjentmann" for kvar tur. Slik at vi ikkje rotar oss vekk. Turar som høver for barn og oss som er over 60.
Lista vil verte tilgjengeleg her på Grendalaget si side, og også lagt i postkassane i vårt område.

Eg tillet meg å foreslå Jarle Nyttingnes tek ansvar for å kalle inn til første planleggings-møte.

Ellers kom det inn kr.2462,00 som vert sett inn på Grendalaget sin bank-kto, mrk "veilys".

Mvh Gunn Edel

søndag 2. november 2008

GRATULERER MED SØNNEN OLAUG OG FRODE!


Her er noen flotte bilder jeg tok av den nybakte mor (med sulten gutt), stolte storesøster og like stolte farmor, en time etter hjemkomst! (Far var like stolt, men han var i fjøsen:-)) )

På vegne av sikkert hele bygden :-) ønsker vi dere alt godt og hilser dere med denne sangen som sier så mye:-))

Mvh Tove-Lise

Når en morragretten unge
slår seg vrang og rekker tunge
og nekter å ta klær og støvler på.
Når melkeglasset veltes
og geitostmaten eltes
mellom fingre som er klønete og små.

Refr.
Så husk at denne dag må du ta vare på,
den forsvinner mellom fingra dine nå.
En gang vil du savne slitet,
da er det for sent å vite
det er du som gjør din dag og tinning grå.

Når skrikinga og skrålet
blir litt mer enn du kan tåle,
og du kjefter på en glede og en lek.
Når du har glemt å leve
midt i hverdagen og strevet,
og tålmodigheten din har satt sin strek...

Så husk....osv.

(Du er)kysten som de engang seiler fra.
Si meg hvem er stor og hvem er liten da
når fremtidshavet ligger som et speil,
så blås din medvind inn i deres seil.
Når lørda'n blir til sønda',
du ber en stille bønn da
om at unga ikke våkner klokka fem.
Men Vårherre kan'ke love
at du skal kunne sove
når to små kommer inn med morraklem.

Så husk....osv.

mandag 27. oktober 2008

Info vedr. utleie



Den 7-9 november er grendahuset utleigt til Ten-sing i Florø.


Det blir henget opp ei liste på oppslagstavla i vestibylen på grendahuset,her kan en sjekke på lista om huset er ledig før en bestemmer seg for dato for kafe eller andre aktivitetar.

Med Vennlig Helsing
Annle Lise Hopen og Bjarte Steinhovden

torsdag 23. oktober 2008

GRENDAKAFE- SØNDAG 2. NOVEMBER.

Vi vil ynskja store og små bygdefolk velkommen til:

GRENDAKAFE` PÅ KJØKENET PÅ STEINHOVDEN SKULE,

SØNDAG 2. NOVEMBER KL. 16 – 18.

Her vert sal av kaker, vafler, kaffi og brus.

Det vert også rom for å snakka om ulike aktivitetar

i bygda, informasjon og liknande, om nokon har noko på hjarta.

Hjarteleg velkommen!

Med venleg helsing kafeànsvarlege:

Magnhild Hatleseth og Anne Karin Vassbotten.

torsdag 16. oktober 2008

NY DAMEKLUBB I STEINHOVDEN 5 NOVEMBER KL 20.00 !

No er vi komne i gang med dameklubb for damer i alle aldrar i Steinhovden. Måndag 13.oktober kl. 20 møttest vi ein gjeng damer i ulik alder på fritidsrommet, på Steinhovden skule. Vi kosa oss med hyggeleg prat, litt å bite i og nokre hadde handarbeid med.

Vi diskuterte vidare framdrift for klubben, og enda opp med at klubbdagen gjerne kan variere, slik at det kan passe for alle av og til. Så vert det litt opp til dei som tek ansvar for neste klubb, kor raskt eller lenge det vert til neste klubbdato.

Tove Lise og Katrine starta opp dette gode initiativet, og no vil Anne Karin og Henriette ta opp tråden.

Så vi inviterer med dette alle damer i bygda vår til ein ny dameklubb på fritidsrommet onsdag 5.november kl. 20.

Dersom det er nokon som gjerne vil vera med seinare, men ikkje har høve til å koma denne onsdagen, vil vi gjerne at de tek kontakt med Anne Karin på tlf. 57747670, eller sender ei melding til mob.nr. 99271330. Såleis vil de også få lappe i posten for ettertida.

VELKOMMEN !

Med venleg helsing Henriette og Anne Karin.

onsdag 8. oktober 2008

HEI ALLE DAMER I BYGDA

HEI ALLE DAMER I BYGDA

Vi (Katrine og Tove-Lise) prøver med dette å få damene i bygda samlet til uformelle kvelder sammen.
Vi tenker oss en til to kvelder i mnd, eller etter behovJ Noen av oss har kanskje større behov for å skravle og treffe folk enn andre. Vi har inntrykk av at det er flere som sitter med følelsen av å ha for lite kontakt med sambygdinger, og kanskje kan dette være en måte å bli bedre kjent på, også på tvers av generasjoner/alder. Kan vi kalle det klubb?J
Vi inviterer alle damer, UANSETT alder, til å være med i klubben. Vi tenker å bruke fritidsrommet oppe, der det er en deilig sofa og sitte iJ.
Vi lager kaffe/te og noe godt å spise, prater og slapper av. Formålet er rett og slett å komme sammen å se hverandre!!

VI HÅPER ALLE SOM TROR DETTE KAN BLI KJEKT, MØTER PÅ SKOLEN

MANDAG 13. OKTOBER KL 20.00.

Mvh
Katrine og Tove-Lise

mandag 6. oktober 2008

Tok sak(s)a i eigne hender

Magnhild Vassbotten (88) vart lei av å vente på kantklipparane til Mesta.

Fylkesvegen mellom Eikefjord og Sandvik er svingete, og langs grøftene gror det til. Som så mange andre vart Magnhild Vassbotten frå Hopen (fødd 1920) lei av å vente på at Mesta skal kome å betre sikten for dei lokale trafikantane. For andre gong i år har ho sjølv gått langs vegen med hagesaksa. Ho seier at om selja og andre lauvtre ikkje vert teke to ganger i året, så blir det høge trær etter eit par års tid.
Dugnad
"Ingen over, og knapt noen ved siden" seier Mesta i eiga blad om sin eigen innsats for å rydde kantane langs vegane i landet*. Bilistane som bruker fylkesvegen til og frå Eikefjord daglig er ikkje samde, og dei rosar derfor innsatsen til Magnhild.
- Ho er ei aktiv og frisk dame. Men det er ikkje mange som henne, så det er best at Mesta rydder kantslåtten langs vegane, for dei kan ikkje rekne med at det er så mange spreke pensjonistar på snart 90 år år som jobber dugnad langs fylkesvegane, seier Gunn Edel Steinhovden.
*Kilde: Mesta sitt blad "Refleks" nr. 7 i 2003.

Kilde Firdaposten.no og Nettavisen.no



Vert å merke seg at nettavisen har plukket denne saken å har lagt den på sin framside!! Det er usikkert kor lenge dei har linken liggende!!

Kystveg konferansen Flora Samfunnshus • Florø, 10. oktober 2008

Kystkommunane frå Bergen til Ålesund inviterer til
konferanse om Kystvegen Bergen - Florø - Ålesund!
Samferdselsministeren kjem for å orientere om sine
planar og for å høyre om våre.
Vi presenterer for første gong eit forslag til veg tracè
frå Bergen til Ålesund, som ikkje skal vere ein konkurerande
stamveg, men eit regionalt samband som
knyter saman kysten i robuste bu og arbeidsområde.
Næringslivsleiarar kan fortelje om store investeringar
som kan realiserast dersom samfunnet legg til rette.
Finansnæringa vurderer investeringsnivået og forskaren
verknader for samfunnet.
NTP 2010 – 2019 skal vedtakast av Stortinget i rundt
årsskiftet. Dette er ein langtidsplan som kjem til å styre
samferdsleinvesteringane i fleire år. Det er difor spesielt
viktig at kommunar og næringsliv stiller opp akkurat
no for å syne statsråden at Kystveg er viktig for oss!

Kystveg konferansen
Flora Samfunnshus • Forø, 10. oktober 2008
Oppmøte 9:30 for registrering og kaffi, start kl. 10:00
• Velkommen. Orientering om kystregionen
ved ordførar Bente Frøyen Steindal, Flora kommune
• Her skal kystvegen gå - foreslått vegtracè
ved rådgjevar Svein Gjelseth og Eivind Hjellum
• Kystveg - nødvendig for næringslivet ved bedriftsleiar frå Ulsteinregionen
• Føresetnad for stor industrisatsing i Svelgen - opprusting av RV 614
ved ass. verksdir. Terje Rebni og hovudtillitsvald i Elkem Bremanger, Bjørnar Førde
• Mongstad til Florø - region med moglegheiter ved styreleiar i Nordhordland
Regionråd IKS, Håkon Matre og styreleiar i HAFS regionråd, Arve Helle
11:50 - 12:40 Lunsj
• Innlegg ved samferdselsminister Liv Signe Navarsete
• Frå sjø til land - konsekvensar av samfunnsintegrasjon
ved rektor Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam
• Langsiktig lønsemd ved utbygging av infrastruktur. Korleis bør vi tenkje
omkring pengebruken? ved adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fj., Arvid Andenæs
• Stad skipstunnel – heilårsopa stamlei ved Arnold Jacobsen, Kystverket Vest og
adm. dir. Per Roar Gjerde, Marine Harvest – region Vest
• Oppsummering ved fylkesordførar Nils R Sandal
Kystkonferansen avsluttast ca. kl. 15:00

mandag 29. september 2008

SØNDAGSKAFE - - SESONGOPNING SØNDAG 5 OKTOBER.

Hei til store og små Sambygdingar.

Søndag 5. oktober kl.16.00 - 19.00 vert det oppstart med søndagskafe.

Denne gangen er det Jarle Nyttingnes, Åse steinhovden og Gunn Edel Steinhovden som inviterer til sosialt samvær.

Det vert ein omgang åresalg og Bingo, god tid til prat og drøs. Kanskje leiaren i grendautvalet har nytt som han vil fortelle til oss? Jarle vil orientere om dei flotte turløypene som gjengen i Nyttingneset har opparbeida. Kanskje vi kan få starta ei turgruppe i grenda? Slik at fleire av oss kjem seg utom dørstokkane, og vert betre kjent i eigne naturskjønne omgivelser.

Alle er hjerteleg velkommen til kaffedrøs, bingo, åresalg.

søndag 21. september 2008

Dugnad.

Dugnaden vi hadde på lørdag gjekk kjempebra!! Det vart ruska, rydda, kosta og klippa rundt grendahuset. Vi var ein god og arbeidsvillig gjeng som fekk gjort mykje på nokre timar, og det heile vart runda av med gode vaffler, kaffi og saft som Magnhild Hatleseth hadde laget på kjøkkenet.
















Camilla og Rene koster slik at det blir en fin finish på det gode arbeidet.















Og kosten er det fleire som må benytte seg av. Her er Elisabeth i fint driv langs gangveien.















Her er det trefelling. Arne Steinhovden og Arne Johannessen kontrollerer det heile etter at Frode har gått laus med motorsaga.















Dette er det nesten det beste med dugnaden. Nystekte vaffler,kaffi (stor takk til Magnhild)og godt sosialt lag!!















Frode hadde med eit suverent stykke verktøy til å klippe plenen, og får her god hjelp av datter Marthea.
















Heidi i full sving med å klippe vekstglade busker.
















Thale sjekker at alt er som det skal i sandkassa.
















Gartneren Ruth (t.v.) var til stor hjelp med sine kunnskaper og flittige hender.
















Her må alle trå til og for vesle Johanne var det stas å få være med å 'jobbe' litt.


Som grendalagsleiar vil eg takke så mykje for innsatsen, og vi ser fram til ein ny dugnad ut mot vinteren der det er forfallande innearbeid som venter.

Helsing Bjarte Steinhovden.

søndag 14. september 2008

DUGNAD PÅ UTOMRÅDE 20.09.2008 kl. 11.00















På grendautvalmøte 11.09.2008 blei det bestemt at vi skulle ha en utedugnad
20.09.2008 kl. 11.00 på område rundt Grendahuset. Vi håper på tørt vær, har vi ikkje været med oss blir dugnaden utsatt på ubestemt tid.
Undertegnende kommer til å samle inn personer til denne jobben. Men håper du har muligheten til å komme på dugnad sjølv om eg ikkje har ringt deg. Så gjøre vi dette til en sosial sammenkost også.

Det blir kaffi og vaflar.

Om alle kan ta med litt hage verktøy som sakser, trillbåre, river osv hadde det vore kjempeflott.

Vi ses på lørdag!!

Med vennlig Helsing
Leiar
Bjarte Steinhovden.

fredag 12. september 2008

MØTE STEINHOVDEN FRITIDSKLUBB 16.09.2008

Kallar med dette inn til møte i Steinhovden Fritidsklubb tysdag 16.09.08. kl. 19.30
Møtet varer til ca. kl. 21.00.

Oppfordrar alle som har barn i Steinhovden skule og elles barn som ønskjer å delta på fritidsklubben dette året til å møte. En kan bli valt inn i styre sjølv om en ikkje møter opp.
Det nye styret vil lage vaktliste ut frå fjordårets medlemsliste. Om nokon ikkje ønskjer å være medlem i år må en gi beskjed til det nye styret eller på møtet, slik en kan få laget riktig vaktliste.
Ved spørsmål kan dykk ringe meg på: 95 09 43 49

Sakliste:
Oppsummering av fjoråret.
Val av nytt styre.
Ymse.

Det blir kaffi og noko å bite i.

Med vennlig helsing
Leiar:
Bjarte Steinhovden

mandag 8. september 2008

Dugnad av Anne Britt Dypevik































På lørdag den 06.09.08 tok Anne Britt med seg hage saksa,trillebåre og gjekk opp på skulen.
Der trimmet ho buskene i trappa. Det blei veldig bra. Ikkje sant??
Tre ganger hurra for innsatsen.
Om kort tid kommer vi til å samle folk fra heile grenda vår
for å ha en ryddeaksjon både ute og inne på skule området.
Håper å sjå deg der.
Mvh
Bjarte Steinhovden.

mandag 11. august 2008

Fotball-trening i Steinhovden

Hei igjen.
Ja no er det mykje som tyder på at ferien går mot slutten, og Tobias slipper å trene aleine . Bilde vart teke tirsdag 05.08.08.
Men enno manglar vi nokre spreke ungdommar, fedre og bestefedre. Det er like kjekt å følge med korleis dei trener og har det kjekt.
Snart vert dei så spreke og dyktige at dei kan søkje dispensasjon for å delta i "Øya-cupen"
Mvh naboane

FLOTT IDRETTS PRESTASJON
















Gratulerer til Trond Ove på Hopen, ! ! , - Med flott bronsje-medalje i spyd under NM i Stavanger på søndag 10.aug.
Til NRK sier Trond Ove at han var litt skuffa over å ikkje nå lengere fram, fordi han under trening kasta 52 meter.
Men 49.36 meter under NM går godt ann å vere fornøgd med, Trond Ove. Det er eigentleg bare 2 andre som i NM kasta lenger, faktisk ! ! !. Neste gang du kjem med loddboka for idrettslaget, trur eg nesten at eg må kjøpe nokre fleire lodd.

Gratulasjoner frå sambygdingar, v/Gunn, Arne, Frode, Olaug, Bjarte, Camilla, + + div små og store troll


http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/sport_nrk_sogn_og_fjordane/1.6170846

torsdag 31. juli 2008

Nettinfo, Flora Kommune

Hei Bjarte!
Så fin side du har laga!
Eg har lagt den inn under kontaktinformasjonen om grendalaget Steinhovden, Nyttingnes, Sandvik.
Denne finn du på heimesida til kommunen, venstremeny, Lag og organisasjonar, under Grendalag. Trur dette er den mest anvendelege staden å lenkje den opp. Skal også sende mailen vidare til Kulturkontoret, slik at Helgheim & co får vite om sida også.
Lykke til vidare med arbeidet med sida og fortsatt god sommar!

Med helsing

Møyfrid, Tenestetorget

mandag 28. juli 2008

Nygifte, med brur frå Steinhovden



Lørdag 26.07.08 gifta Anetteog Marcel seg i Kinnakyrkja. Eit flott brudepar, ein flott bryllupsfest, Takk for at vi fekk vere med.
Velkommen til søndagskafe , julemesse eller anna aktivitet i grenda.
Mvh onkel Arne og tante Gunn Edel

SØNDAGSKAFE OG BASAR

God kveld i stover og uthus!
Søndag 6 juli var det søndagskafe og basar i Steinhovden skule. Her er bilde av 2 av 3 spreke damer som hadde ansvar for basardelen, Gerd og Dagmar. Magnhild Vassbotten var på ferie då bildet var teke, - ute på tur med Hurtigruta.I lang tid på forhand solgte dei lodd, fekk gevinstar og sto på heile søndagen for at vi andre skulle få ein fin dag/ettermiddag i skulehuset. Har lyst å nemne Dagmar Aarseth spesielt, ho er ein fenomenal flink loddselgar og gevinst-sankar.Sjølv om det var midt i ferietida så var vi mange, oml 40 personar med smått og stort. Ein fin søndag, fin tempratur så kafe- og basardrift gjekk føre seg ute. Marit Høyvik hadde ansvar for kafe-drofta, og ho var heller ikkje å få tak i då vi skulle ta bilda i begynnelsen av veke 29. Men alle damene gjorde ein fenomenal insats, og det var kjekt å møte bygdafolk og feriefolk til god gamaldags basar, kaffe og god prat-.

Tenk at det kom inn kr.18.900,00 , og det vart sett inn på eigen bankkonto for å spare til veilys i bygda . Godt jobba til Marit, Magnhild , Gerd , Dagmar og alle andre hjelparar. Vi hadde ein hyggeleg ettermiddag.
Neste søndags-kafe er 31.august, og då er det neste generasjon Høyvik som har teke ansvar , nemleg Ingrid og Jan Høyvik. Håper at nokon kjenner seg kalla til å ile til for å hjelpe dei. Det kan verte vel travelt 2 personar .
Mvh GES

Svanhild 70 år

" Svanhild i Nyttingneset fylte 70 år torsdag 24 juli i år.
Kven kunne vel tru at denne blyge og ungdommelege dama har fylt 70 ?
Gratulerer med overstått, Svanhild.
Mvh Gunn Edel "

tirsdag 22. juli 2008

Kor vart resten av fotball-laget av ?

God kveld kjære naboar og gode bygdefolk !
Arne og eg er næraste naboar til skuleplassen. Vi har i heile vår og sommar hatt stor moro/glede av å se når tenåringar, feriegjester, fedre, bestefedre, travle bønder og sjukepleiarar har samla seg til fotballtrening kvar tirsdag kl.19.30.
Alle aldersgrupper har gitt kvarandre ein skikkeleg fight, og gjeve uttrykk av å ha det ordentlig moro. På det meste har dei vore mellom 20 og 30 personar samla. MEN kor vart mødrene og oldefedrene av ? ?
I kveld vart Tobias aleine, og vi lurer på kor alle dei andre vart av ? ? Kanskje er det fellesferie ? For regnværet har jo ikkje skremt dei tidlegare. Vi får komme tilbake med nytt bilde seinare , som syner resten av gjengen
Flott at Tobias kom.
Mvh naboane Arne og Gunn Edel

søndag 20. juli 2008

Link @ Grendalaget nettsiden.

Hallo. Det hadde vært fint om du kunne lakt ut link til bandet mitt. "Battery"

Linken er http://www.batteryband.com/

Der kan folk se når vi skal spille konserter, se bilder, høre sangene våre og en del videoer. :)

Mvh Christian Mo

Det skal vi ordne !!!
Bjarte

mandag 14. juli 2008

Nytt låssystem Steinhovden Skule og grendahus

Som dere fleste sikkert veit så var det innbrudd på skulen / grendahuset i sommer. Pga dette er det blitt nytt nøkkel system på alle dørene. Så når en nå vil låne nøkler må en henvende seg til Anne Lise Hopen tlf 57 74 81 80. Om ho ikkje skulle være å treffe kan en ta kontakt med Heidi Seljeseth på tlf 57 74 44 12.

Med vennlig helsing
Bjarte Steinhovden