05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

torsdag 16. oktober 2008

NY DAMEKLUBB I STEINHOVDEN 5 NOVEMBER KL 20.00 !

No er vi komne i gang med dameklubb for damer i alle aldrar i Steinhovden. Måndag 13.oktober kl. 20 møttest vi ein gjeng damer i ulik alder på fritidsrommet, på Steinhovden skule. Vi kosa oss med hyggeleg prat, litt å bite i og nokre hadde handarbeid med.

Vi diskuterte vidare framdrift for klubben, og enda opp med at klubbdagen gjerne kan variere, slik at det kan passe for alle av og til. Så vert det litt opp til dei som tek ansvar for neste klubb, kor raskt eller lenge det vert til neste klubbdato.

Tove Lise og Katrine starta opp dette gode initiativet, og no vil Anne Karin og Henriette ta opp tråden.

Så vi inviterer med dette alle damer i bygda vår til ein ny dameklubb på fritidsrommet onsdag 5.november kl. 20.

Dersom det er nokon som gjerne vil vera med seinare, men ikkje har høve til å koma denne onsdagen, vil vi gjerne at de tek kontakt med Anne Karin på tlf. 57747670, eller sender ei melding til mob.nr. 99271330. Såleis vil de også få lappe i posten for ettertida.

VELKOMMEN !

Med venleg helsing Henriette og Anne Karin.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja, dette er eit veldig ba initiativ. Eg vil gjerne prøve å komme.
mvh Gunn Edel