05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

mandag 6. oktober 2008

Kystveg konferansen Flora Samfunnshus • Florø, 10. oktober 2008

Kystkommunane frå Bergen til Ålesund inviterer til
konferanse om Kystvegen Bergen - Florø - Ålesund!
Samferdselsministeren kjem for å orientere om sine
planar og for å høyre om våre.
Vi presenterer for første gong eit forslag til veg tracè
frå Bergen til Ålesund, som ikkje skal vere ein konkurerande
stamveg, men eit regionalt samband som
knyter saman kysten i robuste bu og arbeidsområde.
Næringslivsleiarar kan fortelje om store investeringar
som kan realiserast dersom samfunnet legg til rette.
Finansnæringa vurderer investeringsnivået og forskaren
verknader for samfunnet.
NTP 2010 – 2019 skal vedtakast av Stortinget i rundt
årsskiftet. Dette er ein langtidsplan som kjem til å styre
samferdsleinvesteringane i fleire år. Det er difor spesielt
viktig at kommunar og næringsliv stiller opp akkurat
no for å syne statsråden at Kystveg er viktig for oss!

Kystveg konferansen
Flora Samfunnshus • Forø, 10. oktober 2008
Oppmøte 9:30 for registrering og kaffi, start kl. 10:00
• Velkommen. Orientering om kystregionen
ved ordførar Bente Frøyen Steindal, Flora kommune
• Her skal kystvegen gå - foreslått vegtracè
ved rådgjevar Svein Gjelseth og Eivind Hjellum
• Kystveg - nødvendig for næringslivet ved bedriftsleiar frå Ulsteinregionen
• Føresetnad for stor industrisatsing i Svelgen - opprusting av RV 614
ved ass. verksdir. Terje Rebni og hovudtillitsvald i Elkem Bremanger, Bjørnar Førde
• Mongstad til Florø - region med moglegheiter ved styreleiar i Nordhordland
Regionråd IKS, Håkon Matre og styreleiar i HAFS regionråd, Arve Helle
11:50 - 12:40 Lunsj
• Innlegg ved samferdselsminister Liv Signe Navarsete
• Frå sjø til land - konsekvensar av samfunnsintegrasjon
ved rektor Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam
• Langsiktig lønsemd ved utbygging av infrastruktur. Korleis bør vi tenkje
omkring pengebruken? ved adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fj., Arvid Andenæs
• Stad skipstunnel – heilårsopa stamlei ved Arnold Jacobsen, Kystverket Vest og
adm. dir. Per Roar Gjerde, Marine Harvest – region Vest
• Oppsummering ved fylkesordførar Nils R Sandal
Kystkonferansen avsluttast ca. kl. 15:00

Ingen kommentarer: