05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

torsdag 29. januar 2009

Vil lage akvalinje i Flora

Dette er et kjempeflott tiltak, applaus til Steinvik Fiskefarm.


Han ber Flora formannskap om politisk støtte til eit studietilbod i akvakultur i Hopen.
– Dette var heile meininga med kjøpet av det no nedlagde evangeliesenteret. Derfor vil eg førebels la sjølve undervisningslokala i Hopen-anlegget bli liggjande klare på vent utan at dei blir brukte til andre føremål, sa Steinvik-oppdrettaren i møte med formannskapet i går.
Han er sikker på at han vil greie å få oppdrettarane i Sogn og Fjordane med på å realisere eit slikt tilbod, med praksisplassar på anlegga og i eit samarbeid med Flora vidaregåande skule. Han trudde heller ikkje at Måløy vil verte noko problem.
– Ingen vil til Måløy. Eg har langt større tru på eit tilbod i Florø, og her inne, sa Vassbotten.
Han innser likevel at det blir ei utfordring å få linja tilpassa 1. året på eit programval i natur og ressursbruk.



Foto Olav Hatlemark
SPENNANDE: Steinvik oppdrettar Alex Vassbotten teikna eit spennande bilde av eige utviklingsarbeid. Her med Flora ordførar Bente Frøyen Steindal.

Kilde: Firdaposten http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article4084947.ece

mandag 19. januar 2009

Dameklubb 16.01.09




Denne gangen var det Katrine og Gunn som sto for dameklubben. Dei koset seg med go mat og drikke og sikkert mykje prating.... Veldigt kjekt at Helene tok turen denne gangen, håper ho kan komme dei neste gangene også.
Kanskje damene kan besøke ho i Høydalen en gang!!!

mandag 12. januar 2009

volleyball

Hei voksne sambygdinger!

Onsdager kl. 20.30 spiller vi volleyball i gymsalen. Katrine, Hallgeir, Olaug og jeg møtte sist og det var superkjekt!!! Vi trimmet lattermusklene like mye, om ikke mer :-) som andre muskler. Så møt opp og ha det kjekt i lag. Selv om du ikke har spilt ballspill på mange år, ikke tenk på det, dette kommer du fort inn i og det er mest morro:-))

Vi sees onsdager kl 20.30!

Mvh Tove-Lise.

Sender kystvegen til Statsministeren



Bente Frøyen Steindal, Kåre Olav Svarstad og Roger B. Silden står bak og har signert eit brev som no er sendt til Statsminister Jens Stoltenberg, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, finansminister Kristin Halvorsen og leiar i finanskomiteen Reidar Sandal.
I brevet ber dei om framskynding av vegprosjekt på kysten i Sogn og Fjordane, og argumenterer med at desse vil skape vekst og nye arbeidsplassar i fylket.
Dei peikar på verdiskapingspotensialet Flora-Bremanger-Vågsøy, og eksempel som Solar-satsing i Svelgen, sterke kystnæringar som fiskeri og maritim sektor, og nye vekstnæringar som energi, reiseliv og avansert maritim teknologi.
Tre prosjekt
Dei har prioritert tre prosjekt i brevet.
- Vi vil be Regjeringa forsere følgjande vegprosjekt i den varsla "krisepakken" på nyåret 2009:
- 1. Byggestart på Bremangersambandet del 2 så tidleg som mogleg i 2009.
2. Samla ferdigprosjektering av gjenståande parsellar og flaskehalsar langs kystvegen Florø-Måløy (Rv 614/ Bremangersambandet del 3) i løpet av 2009/2010.
3. Rv 61 Bryggja - Møre grense, ferdigstilling i løpet av 2009.
- Alle desse prosjekta er også ein del av ein samanhengane kystveg Bergen - Ålesund, som alle kommunane på strekninga står samla om, argumenterer dei med i brevet.

Kyst som satsingsområde
- Vi som skriv under denne fråsegna er alle Arbeidarparti-ordførarar på kysten av Sogn og Fjordane. Vi er glade for at Stoltenberg-regjeringa har peika ut kysten som eit satsingsområde, og for at det er varsla tiltak for å dempe krisa vi no er inne i og legge grunnlag for ny vekst, skriv dei.
- Vi håpar difor våre innspel blir tatt på alvor, og at Regjeringa legg inn dei prosjekta vi føreslår i sine planar for ekstraordinære tiltak i 2009, avsluttar dei.
Dei har også sendt kopi av fråsegna til stortingsbenken, samferdslekomiteen og dei parlamentariske leiarane på Stortinget.