Ta gjerne med noko å sitte på og noko å spise og drikke etter eget ønske. Vi sender opp litt fyrverkeri ca kl 20.30, ta gjerne med eget fyrverkeri om en ønsker å sende opp litt for ungane. Dei som ønsker ka kle seg ut kan gjerne gjør det.
tirsdag 30. desember 2008
Nyttårs bål 31.12.2008 kl 19.00
Ta gjerne med noko å sitte på og noko å spise og drikke etter eget ønske. Vi sender opp litt fyrverkeri ca kl 20.30, ta gjerne med eget fyrverkeri om en ønsker å sende opp litt for ungane. Dei som ønsker ka kle seg ut kan gjerne gjør det.
fredag 5. desember 2008
Velkommen til trivelig Førjulstreff
På Steinhovden skule, 3. søndag i Advent (14. desember)
Program:
kl. 14.00: Gryterett, kr. 70 (gratis for barn til og med 7. kl.)
kl. 15.15: Luciagang – Julespel – Sang ved skulen og barnehagen J
kl. 16.15: Juletregang
kl. 16.45: Sal av kaffi og kaker, kr. 50
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE
Arr.: Søndagskafèen i Steinhovden v. Olaug og Tove Lise
Steinhovden skule, barnehage og FAU
NB! Vi ynskjer ein uformell påmelding til middag. Legg utfylt slipp i postkassen til skulen, eller send ei melding innan torsdag til:
Bjarte 95094349
Even 4110681
Brit 90505680
Vi ynskjer middag til ______personar à kr. 70.
Barn (under ungdomsskulealder): _____stk.
namn: ________________________________________
torsdag 4. desember 2008
SOLSNU-FEST , 21.12.08, frå kl 15.30
Søndag den 21.12.08 snur sola, og vi går igjen mot lysare dagar.
Dette må feires ! ! Og det gjer vi med samme mal som når sola snur ved sankthans i juni.
Vi samles ved Arne/Bjarte sin molo i Steinhovde-vika. Følg fakkellys som viser veg, og som starter ved fam Dypevik sitt hus/heim. Ta med det du trenger av pølser, gløgg, kaffe , kaker, noko varmt å sitte på, felles-aktiviteter og godt humør. Kle deg i varme kle og sko, og vi skal få ei hyggeleg ettermiddagsstund med bål, og godt fellesskap.
For at det skal verte bål så treng vi ved, og det hadde vore kjekt /nødvendig at alle tek med ein/to bæreposer med ved.
Om du kan hjelpe oss med å gjere dette kjent, ved å skrive ut og gje invitasjonen vidare til dei som ikkje har e-post, så hadde det vore kjempeflott. ALLE ER HJERTELEG VELKOMNE ! !
Mvh Arne og Gunn Edel/Bjarte og Camilla/Frode og Olaug
NY KLUBB-KVELD for damene i BYGDA , mandag 12.januar 2009.
I går var vi samla 8 damer i alderen 75 år - 24 år, og vi prata og kosa oss fram til oml kl.22.00.
M.a kom det fram tilfredshet ifht at Steinvik Fiskefarm har kjøpt skulebygninga på Hopen,tema ifht bygdeutvikling og om vi kanskje skulle hatt nokre temaer/aktiviteter på desse kveldane. Kva med ein idedugnad neste kveld ? ?
Velkommen , og ta gjerne med ei venninne.
Mvh Ingrid-Anna og Gunn Edel