05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

torsdag 31. juli 2008

Nettinfo, Flora Kommune

Hei Bjarte!
Så fin side du har laga!
Eg har lagt den inn under kontaktinformasjonen om grendalaget Steinhovden, Nyttingnes, Sandvik.
Denne finn du på heimesida til kommunen, venstremeny, Lag og organisasjonar, under Grendalag. Trur dette er den mest anvendelege staden å lenkje den opp. Skal også sende mailen vidare til Kulturkontoret, slik at Helgheim & co får vite om sida også.
Lykke til vidare med arbeidet med sida og fortsatt god sommar!

Med helsing

Møyfrid, Tenestetorget

mandag 28. juli 2008

Nygifte, med brur frå Steinhovden



Lørdag 26.07.08 gifta Anetteog Marcel seg i Kinnakyrkja. Eit flott brudepar, ein flott bryllupsfest, Takk for at vi fekk vere med.
Velkommen til søndagskafe , julemesse eller anna aktivitet i grenda.
Mvh onkel Arne og tante Gunn Edel

SØNDAGSKAFE OG BASAR

God kveld i stover og uthus!
Søndag 6 juli var det søndagskafe og basar i Steinhovden skule. Her er bilde av 2 av 3 spreke damer som hadde ansvar for basardelen, Gerd og Dagmar. Magnhild Vassbotten var på ferie då bildet var teke, - ute på tur med Hurtigruta.I lang tid på forhand solgte dei lodd, fekk gevinstar og sto på heile søndagen for at vi andre skulle få ein fin dag/ettermiddag i skulehuset. Har lyst å nemne Dagmar Aarseth spesielt, ho er ein fenomenal flink loddselgar og gevinst-sankar.Sjølv om det var midt i ferietida så var vi mange, oml 40 personar med smått og stort. Ein fin søndag, fin tempratur så kafe- og basardrift gjekk føre seg ute. Marit Høyvik hadde ansvar for kafe-drofta, og ho var heller ikkje å få tak i då vi skulle ta bilda i begynnelsen av veke 29. Men alle damene gjorde ein fenomenal insats, og det var kjekt å møte bygdafolk og feriefolk til god gamaldags basar, kaffe og god prat-.

Tenk at det kom inn kr.18.900,00 , og det vart sett inn på eigen bankkonto for å spare til veilys i bygda . Godt jobba til Marit, Magnhild , Gerd , Dagmar og alle andre hjelparar. Vi hadde ein hyggeleg ettermiddag.
Neste søndags-kafe er 31.august, og då er det neste generasjon Høyvik som har teke ansvar , nemleg Ingrid og Jan Høyvik. Håper at nokon kjenner seg kalla til å ile til for å hjelpe dei. Det kan verte vel travelt 2 personar .
Mvh GES

Svanhild 70 år

" Svanhild i Nyttingneset fylte 70 år torsdag 24 juli i år.
Kven kunne vel tru at denne blyge og ungdommelege dama har fylt 70 ?
Gratulerer med overstått, Svanhild.
Mvh Gunn Edel "

tirsdag 22. juli 2008

Kor vart resten av fotball-laget av ?

God kveld kjære naboar og gode bygdefolk !
Arne og eg er næraste naboar til skuleplassen. Vi har i heile vår og sommar hatt stor moro/glede av å se når tenåringar, feriegjester, fedre, bestefedre, travle bønder og sjukepleiarar har samla seg til fotballtrening kvar tirsdag kl.19.30.
Alle aldersgrupper har gitt kvarandre ein skikkeleg fight, og gjeve uttrykk av å ha det ordentlig moro. På det meste har dei vore mellom 20 og 30 personar samla. MEN kor vart mødrene og oldefedrene av ? ?
I kveld vart Tobias aleine, og vi lurer på kor alle dei andre vart av ? ? Kanskje er det fellesferie ? For regnværet har jo ikkje skremt dei tidlegare. Vi får komme tilbake med nytt bilde seinare , som syner resten av gjengen
Flott at Tobias kom.
Mvh naboane Arne og Gunn Edel

søndag 20. juli 2008

Link @ Grendalaget nettsiden.

Hallo. Det hadde vært fint om du kunne lakt ut link til bandet mitt. "Battery"

Linken er http://www.batteryband.com/

Der kan folk se når vi skal spille konserter, se bilder, høre sangene våre og en del videoer. :)

Mvh Christian Mo

Det skal vi ordne !!!
Bjarte

mandag 14. juli 2008

Nytt låssystem Steinhovden Skule og grendahus

Som dere fleste sikkert veit så var det innbrudd på skulen / grendahuset i sommer. Pga dette er det blitt nytt nøkkel system på alle dørene. Så når en nå vil låne nøkler må en henvende seg til Anne Lise Hopen tlf 57 74 81 80. Om ho ikkje skulle være å treffe kan en ta kontakt med Heidi Seljeseth på tlf 57 74 44 12.

Med vennlig helsing
Bjarte Steinhovden