05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

mandag 28. juli 2008

SØNDAGSKAFE OG BASAR

God kveld i stover og uthus!
Søndag 6 juli var det søndagskafe og basar i Steinhovden skule. Her er bilde av 2 av 3 spreke damer som hadde ansvar for basardelen, Gerd og Dagmar. Magnhild Vassbotten var på ferie då bildet var teke, - ute på tur med Hurtigruta.I lang tid på forhand solgte dei lodd, fekk gevinstar og sto på heile søndagen for at vi andre skulle få ein fin dag/ettermiddag i skulehuset. Har lyst å nemne Dagmar Aarseth spesielt, ho er ein fenomenal flink loddselgar og gevinst-sankar.Sjølv om det var midt i ferietida så var vi mange, oml 40 personar med smått og stort. Ein fin søndag, fin tempratur så kafe- og basardrift gjekk føre seg ute. Marit Høyvik hadde ansvar for kafe-drofta, og ho var heller ikkje å få tak i då vi skulle ta bilda i begynnelsen av veke 29. Men alle damene gjorde ein fenomenal insats, og det var kjekt å møte bygdafolk og feriefolk til god gamaldags basar, kaffe og god prat-.

Tenk at det kom inn kr.18.900,00 , og det vart sett inn på eigen bankkonto for å spare til veilys i bygda . Godt jobba til Marit, Magnhild , Gerd , Dagmar og alle andre hjelparar. Vi hadde ein hyggeleg ettermiddag.
Neste søndags-kafe er 31.august, og då er det neste generasjon Høyvik som har teke ansvar , nemleg Ingrid og Jan Høyvik. Håper at nokon kjenner seg kalla til å ile til for å hjelpe dei. Det kan verte vel travelt 2 personar .
Mvh GES

Ingen kommentarer: