05.04.2009
Grendalaget har fått ny side så denne bloggen kommer ikkje til å bli oppdatert lenger.

Følg linken og bli medlem på vår nye sone på Origo!!!



Håper å gjør sona til et møtested for den flotte grenda vår.


Med Vennlig Helsing
Bjarte Steinhovden

mandag 27. oktober 2008

Info vedr. utleie



Den 7-9 november er grendahuset utleigt til Ten-sing i Florø.


Det blir henget opp ei liste på oppslagstavla i vestibylen på grendahuset,her kan en sjekke på lista om huset er ledig før en bestemmer seg for dato for kafe eller andre aktivitetar.

Med Vennlig Helsing
Annle Lise Hopen og Bjarte Steinhovden

torsdag 23. oktober 2008

GRENDAKAFE- SØNDAG 2. NOVEMBER.

Vi vil ynskja store og små bygdefolk velkommen til:

GRENDAKAFE` PÅ KJØKENET PÅ STEINHOVDEN SKULE,

SØNDAG 2. NOVEMBER KL. 16 – 18.

Her vert sal av kaker, vafler, kaffi og brus.

Det vert også rom for å snakka om ulike aktivitetar

i bygda, informasjon og liknande, om nokon har noko på hjarta.

Hjarteleg velkommen!

Med venleg helsing kafeànsvarlege:

Magnhild Hatleseth og Anne Karin Vassbotten.

torsdag 16. oktober 2008

NY DAMEKLUBB I STEINHOVDEN 5 NOVEMBER KL 20.00 !

No er vi komne i gang med dameklubb for damer i alle aldrar i Steinhovden. Måndag 13.oktober kl. 20 møttest vi ein gjeng damer i ulik alder på fritidsrommet, på Steinhovden skule. Vi kosa oss med hyggeleg prat, litt å bite i og nokre hadde handarbeid med.

Vi diskuterte vidare framdrift for klubben, og enda opp med at klubbdagen gjerne kan variere, slik at det kan passe for alle av og til. Så vert det litt opp til dei som tek ansvar for neste klubb, kor raskt eller lenge det vert til neste klubbdato.

Tove Lise og Katrine starta opp dette gode initiativet, og no vil Anne Karin og Henriette ta opp tråden.

Så vi inviterer med dette alle damer i bygda vår til ein ny dameklubb på fritidsrommet onsdag 5.november kl. 20.

Dersom det er nokon som gjerne vil vera med seinare, men ikkje har høve til å koma denne onsdagen, vil vi gjerne at de tek kontakt med Anne Karin på tlf. 57747670, eller sender ei melding til mob.nr. 99271330. Såleis vil de også få lappe i posten for ettertida.

VELKOMMEN !

Med venleg helsing Henriette og Anne Karin.

onsdag 8. oktober 2008

HEI ALLE DAMER I BYGDA

HEI ALLE DAMER I BYGDA

Vi (Katrine og Tove-Lise) prøver med dette å få damene i bygda samlet til uformelle kvelder sammen.
Vi tenker oss en til to kvelder i mnd, eller etter behovJ Noen av oss har kanskje større behov for å skravle og treffe folk enn andre. Vi har inntrykk av at det er flere som sitter med følelsen av å ha for lite kontakt med sambygdinger, og kanskje kan dette være en måte å bli bedre kjent på, også på tvers av generasjoner/alder. Kan vi kalle det klubb?J
Vi inviterer alle damer, UANSETT alder, til å være med i klubben. Vi tenker å bruke fritidsrommet oppe, der det er en deilig sofa og sitte iJ.
Vi lager kaffe/te og noe godt å spise, prater og slapper av. Formålet er rett og slett å komme sammen å se hverandre!!

VI HÅPER ALLE SOM TROR DETTE KAN BLI KJEKT, MØTER PÅ SKOLEN

MANDAG 13. OKTOBER KL 20.00.

Mvh
Katrine og Tove-Lise

mandag 6. oktober 2008

Tok sak(s)a i eigne hender

Magnhild Vassbotten (88) vart lei av å vente på kantklipparane til Mesta.

Fylkesvegen mellom Eikefjord og Sandvik er svingete, og langs grøftene gror det til. Som så mange andre vart Magnhild Vassbotten frå Hopen (fødd 1920) lei av å vente på at Mesta skal kome å betre sikten for dei lokale trafikantane. For andre gong i år har ho sjølv gått langs vegen med hagesaksa. Ho seier at om selja og andre lauvtre ikkje vert teke to ganger i året, så blir det høge trær etter eit par års tid.
Dugnad
"Ingen over, og knapt noen ved siden" seier Mesta i eiga blad om sin eigen innsats for å rydde kantane langs vegane i landet*. Bilistane som bruker fylkesvegen til og frå Eikefjord daglig er ikkje samde, og dei rosar derfor innsatsen til Magnhild.
- Ho er ei aktiv og frisk dame. Men det er ikkje mange som henne, så det er best at Mesta rydder kantslåtten langs vegane, for dei kan ikkje rekne med at det er så mange spreke pensjonistar på snart 90 år år som jobber dugnad langs fylkesvegane, seier Gunn Edel Steinhovden.
*Kilde: Mesta sitt blad "Refleks" nr. 7 i 2003.

Kilde Firdaposten.no og Nettavisen.no



Vert å merke seg at nettavisen har plukket denne saken å har lagt den på sin framside!! Det er usikkert kor lenge dei har linken liggende!!

Kystveg konferansen Flora Samfunnshus • Florø, 10. oktober 2008

Kystkommunane frå Bergen til Ålesund inviterer til
konferanse om Kystvegen Bergen - Florø - Ålesund!
Samferdselsministeren kjem for å orientere om sine
planar og for å høyre om våre.
Vi presenterer for første gong eit forslag til veg tracè
frå Bergen til Ålesund, som ikkje skal vere ein konkurerande
stamveg, men eit regionalt samband som
knyter saman kysten i robuste bu og arbeidsområde.
Næringslivsleiarar kan fortelje om store investeringar
som kan realiserast dersom samfunnet legg til rette.
Finansnæringa vurderer investeringsnivået og forskaren
verknader for samfunnet.
NTP 2010 – 2019 skal vedtakast av Stortinget i rundt
årsskiftet. Dette er ein langtidsplan som kjem til å styre
samferdsleinvesteringane i fleire år. Det er difor spesielt
viktig at kommunar og næringsliv stiller opp akkurat
no for å syne statsråden at Kystveg er viktig for oss!

Kystveg konferansen
Flora Samfunnshus • Forø, 10. oktober 2008
Oppmøte 9:30 for registrering og kaffi, start kl. 10:00
• Velkommen. Orientering om kystregionen
ved ordførar Bente Frøyen Steindal, Flora kommune
• Her skal kystvegen gå - foreslått vegtracè
ved rådgjevar Svein Gjelseth og Eivind Hjellum
• Kystveg - nødvendig for næringslivet ved bedriftsleiar frå Ulsteinregionen
• Føresetnad for stor industrisatsing i Svelgen - opprusting av RV 614
ved ass. verksdir. Terje Rebni og hovudtillitsvald i Elkem Bremanger, Bjørnar Førde
• Mongstad til Florø - region med moglegheiter ved styreleiar i Nordhordland
Regionråd IKS, Håkon Matre og styreleiar i HAFS regionråd, Arve Helle
11:50 - 12:40 Lunsj
• Innlegg ved samferdselsminister Liv Signe Navarsete
• Frå sjø til land - konsekvensar av samfunnsintegrasjon
ved rektor Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam
• Langsiktig lønsemd ved utbygging av infrastruktur. Korleis bør vi tenkje
omkring pengebruken? ved adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fj., Arvid Andenæs
• Stad skipstunnel – heilårsopa stamlei ved Arnold Jacobsen, Kystverket Vest og
adm. dir. Per Roar Gjerde, Marine Harvest – region Vest
• Oppsummering ved fylkesordførar Nils R Sandal
Kystkonferansen avsluttast ca. kl. 15:00