Attgrodde stiar.
I eldre tider nytta folk på kysten mest sjøvegen for å forflytte seg mellom bygdelaga,
særleg dersom det var tale om nyttetransport av varer.
Nokre bygder låg likevel slik til, at avstanden mellom dei var mykje kortare til fots enn sjøvegen.
Av den grunn oppstod eit nettverk av godt opparbeidde stiar og gangvegar.
I dag har bilvegen overteke, og mange av stiane gror att av di dei ikkje lenger er i bruk.
Bygdelaga her ikring tek no på nytt til å interessere seg for dei gamle ferdselsvegane og
ønskjer å ta dei i bruk som turvegar. Dei gjennomfører prosjekt med oppmerking, klyppe vekk hindrande vegetasjon og restaurere bruer etc.
I ein liten serie skal vi no ta føre oss nokre av dei gamle ferdselsvegane mellom våre bygdelag.
Stien mellom Sandvik og Høyvik.
Folk i Steinhovdenområdet hadde gjerne båt liggjande i Sandvika, eller dei hadde avtale om lån av båt. Dette var praktisk, for ofte skulle Steinhovdingane lenger enn til Sandvik, gjerne vidare til Bjørnset eller Brandsøy.
Holmesund var lenge handelsstad, og det var ikkje uvanleg at ved behov gjekk sandvikarane skogsvegen dit for å gjere sine innkjøp.
Elles var stien mykje nytta ved ulike former for samkvem mellom folk. Dette kunne vere besøk av slekt og vener. Elles kunne folk på den måten kome saman i foreiningar eller ved enda meir festlege høve, som t.d. 17. mai feiring.
I 1930-åra kom det opp ein danseflake mellom Høyvika og Steinhovden. Den vart kalla Haukereiret. Sandvikarane tok gjerne turen til Høyvika på dans sundagskveldane sommarstid.
Ofte var dansen alt i gong lenge før dei kom fram. Det var utvilsamt stemningsfullt for fylgjet da dei kunne høyre lyden av vakker trekkspelmusikk som lydde utover dei skogkledde åsane.
Laurdag ettermiddag 8. november 2008 tok eg turen frå Høyvik til Sandvika.





Troll og dinosaurar finst her ikkje, trur eg.
Stien nede i dalbotnen følgjer elva vestover. Følg helst stien som går tett ved foten av søre Sandvikfjellet.
På min tur var her nesten trollsk stemning med lydar av mange slags dyr og fuglar i skogen.
Akkurat denne laurdags ettermiddagen møtte eg tre ulike følgje med hjort. Dei fleste fôr av garde, men ei kolle blei ståande og veksle blikk med meg i eit minutts tid. Ho lurte vel på kva det var slags kar som stod så urørleg og såg tilbake.
Etter kvart vil stien bringe deg vestover og til slutt skrå ned mot det søraustre gardsbruket i Sandvika.
Jarle N.
PS. Det nyskipa turlaget i bygda vil kunne gje deg eit plastlaminert kartutsitt over denne turen.
2 kommentarer:
Tusen takk til Jarle.
Men korleis får eg sett bilda ??
mvh Gunn Edel
Flotte bilder jarle. Du finn motiva, - flott. Godt jobba.
mvh Gunn Edel
Legg inn en kommentar