mandag 24. november 2008
Steinvik Fiskefarm
torsdag 13. november 2008
Dameklubb onsdag 3.desember.
Helsing Bjarte Steinhovden
søndag 9. november 2008
TURSTI 1
Attgrodde stiar.
I eldre tider nytta folk på kysten mest sjøvegen for å forflytte seg mellom bygdelaga,
særleg dersom det var tale om nyttetransport av varer.
Nokre bygder låg likevel slik til, at avstanden mellom dei var mykje kortare til fots enn sjøvegen.
Av den grunn oppstod eit nettverk av godt opparbeidde stiar og gangvegar.
I dag har bilvegen overteke, og mange av stiane gror att av di dei ikkje lenger er i bruk.
Bygdelaga her ikring tek no på nytt til å interessere seg for dei gamle ferdselsvegane og
ønskjer å ta dei i bruk som turvegar. Dei gjennomfører prosjekt med oppmerking, klyppe vekk hindrande vegetasjon og restaurere bruer etc.
I ein liten serie skal vi no ta føre oss nokre av dei gamle ferdselsvegane mellom våre bygdelag.
Stien mellom Sandvik og Høyvik.
Folk i Steinhovdenområdet hadde gjerne båt liggjande i Sandvika, eller dei hadde avtale om lån av båt. Dette var praktisk, for ofte skulle Steinhovdingane lenger enn til Sandvik, gjerne vidare til Bjørnset eller Brandsøy.
Holmesund var lenge handelsstad, og det var ikkje uvanleg at ved behov gjekk sandvikarane skogsvegen dit for å gjere sine innkjøp.
Elles var stien mykje nytta ved ulike former for samkvem mellom folk. Dette kunne vere besøk av slekt og vener. Elles kunne folk på den måten kome saman i foreiningar eller ved enda meir festlege høve, som t.d. 17. mai feiring.
I 1930-åra kom det opp ein danseflake mellom Høyvika og Steinhovden. Den vart kalla Haukereiret. Sandvikarane tok gjerne turen til Høyvika på dans sundagskveldane sommarstid.
Ofte var dansen alt i gong lenge før dei kom fram. Det var utvilsamt stemningsfullt for fylgjet da dei kunne høyre lyden av vakker trekkspelmusikk som lydde utover dei skogkledde åsane.
Laurdag ettermiddag 8. november 2008 tok eg turen frå Høyvik til Sandvika.





Troll og dinosaurar finst her ikkje, trur eg.
Stien nede i dalbotnen følgjer elva vestover. Følg helst stien som går tett ved foten av søre Sandvikfjellet.
På min tur var her nesten trollsk stemning med lydar av mange slags dyr og fuglar i skogen.
Akkurat denne laurdags ettermiddagen møtte eg tre ulike følgje med hjort. Dei fleste fôr av garde, men ei kolle blei ståande og veksle blikk med meg i eit minutts tid. Ho lurte vel på kva det var slags kar som stod så urørleg og såg tilbake.
Etter kvart vil stien bringe deg vestover og til slutt skrå ned mot det søraustre gardsbruket i Sandvika.
Jarle N.
PS. Det nyskipa turlaget i bygda vil kunne gje deg eit plastlaminert kartutsitt over denne turen.
tirsdag 4. november 2008
Turgruppe i bygda vår.
På Søndagskafeen 5.oktober vart det teke initiativ til å danne ei turgruppe i bygda.
Jarle Nyttingnes, Arne Steinhovden og Magnhild Vassbotten vart valgt.
Desse skal planlegge turar i nærområdet vårt - , og finne nokon som kan vere ansvarleg "turleiar/kjentmann" for kvar tur. Slik at vi ikkje rotar oss vekk. Turar som høver for barn og oss som er over 60.
Lista vil verte tilgjengeleg her på Grendalaget si side, og også lagt i postkassane i vårt område.
Eg tillet meg å foreslå Jarle Nyttingnes tek ansvar for å kalle inn til første planleggings-møte.
Ellers kom det inn kr.2462,00 som vert sett inn på Grendalaget sin bank-kto, mrk "veilys".
Mvh Gunn Edel
søndag 2. november 2008
GRATULERER MED SØNNEN OLAUG OG FRODE!
Her er noen flotte bilder jeg tok av den nybakte mor (med sulten gutt), stolte storesøster og like stolte farmor, en time etter hjemkomst! (Far var like stolt, men han var i fjøsen:-)) )
På vegne av sikkert hele bygden :-) ønsker vi dere alt godt og hilser dere med denne sangen som sier så mye:-))
Mvh Tove-Lise
Når en morragretten unge
slår seg vrang og rekker tunge
og nekter å ta klær og støvler på.
Når melkeglasset veltes
og geitostmaten eltes
mellom fingre som er klønete og små.
Refr.
Så husk at denne dag må du ta vare på,
den forsvinner mellom fingra dine nå.
En gang vil du savne slitet,
da er det for sent å vite
det er du som gjør din dag og tinning grå.
Når skrikinga og skrålet
blir litt mer enn du kan tåle,
og du kjefter på en glede og en lek.
Når du har glemt å leve
midt i hverdagen og strevet,
og tålmodigheten din har satt sin strek...
Så husk....osv.
(Du er)kysten som de engang seiler fra.
Si meg hvem er stor og hvem er liten da
når fremtidshavet ligger som et speil,
så blås din medvind inn i deres seil.
Når lørda'n blir til sønda',
du ber en stille bønn da
om at unga ikke våkner klokka fem.
Men Vårherre kan'ke love
at du skal kunne sove
når to små kommer inn med morraklem.
Så husk....osv.